Mathias Nyhagen Asplund med diktsamling om menneskets bånd til naturen

LyrikkLyrikkMathias Nyhagen Asplund med diktsamling om menneskets bånd til naturen

Poesidebutant Mathias Nyhagen Asplund skjærer tilværelsen inn til beinet i ei diktsamling hvor luft, ild, jord og vann står sentralt.

Estimert lesetid 5min
Portrett av Mathias Nyhagen Asplund
– Det er så intenst, det møtet mellom dyra og oss, og ein kan lese så mykje inn i augo på dyra når dei stoppar opp og ser oss, sier debutant Mathias Nyhagen Asplund. Han er i «eins pust» opptatt av hva som skjer i menneskets møte med vill natur. (Foto: Mats Jensaas)

Elv, fjell, vatn, jord og pust er blant orda som går igjen i Mathias Nyhagen Asplunds debutdiktsamling eins pust. Som i en enorm og ensom naturopplevelse, eller som i ei scene i en av de filmene som begynner med at hovedpersonen karrer seg halvdød ut av et øde naturlandsskap.

Det er skåret inn til beinet. Som leser har du ikke mye å gå på for å forstå hva det dreier seg om. Men du har det aller mest vesentlige, og en følelse av at det skjer noe intenst som ikke kan settes ord på på noen annen måte enn akkurat slik Mathias Nyhagen Asplund gjør det.

– Boka handler om noe grunnleggende, noe helt tidlig, en opprinnelse, forteller Mathias Nyhagen Asplund her.

Det eneste riktige

– Her har eg hatt tankar som berre kunne bli til dikt. Det er det einaste riktige. Det er ting som eg ikkje har forstått og ting som eg lurer på og som har kome fram som korte tekstar og mellomrom. Eg har skrive små dikt heile mitt liv om ting og tang. Men denne samlinga er annleis, sier han om eins pust.

I tillegg til å være forfatter jobber han også som skuespiller.

– Både som skodespelar og som forfattar må ein forske, eller fordjupe seg i eit tema. Gjere research. Som forfattar kan eg bestemme sjølv kva eg vil forske på. Det kan gjere ting både lettare og vanskelegare, sier Asplund.

La orda stå aleine

Du skriver helt reinskåret. Hvorfor tror du at det blir slik? Det er også veldig intenst. Hvordan jobber du for å få fram intensiteten i det du skriver når du har så få ord å jobbe med?

– Eg veit ikkje, men eg prøver å la orda stå aleine. Å la meg som forfattar forsvinne og sjå kva som er att da. Ein får eit ordforråd gjennom det ein skriv om. Nokre ord passar ikkje inn og høyrer ikkje heime. Da må ein nytte seg av det ein har valt seg ut og prøve å få det fram, sier lyrikeren.

– Jeg opplever at dikta dine har en veldig ro i seg. Hvordan pleier du å sitte mens du skriver?

– Eg les gjennom dikta mine om morgonen. Da har eg ingen forventingar til meg sjølv, og da endrar eg på det som ikkje er som eg trudde. Da blir det kanskje til at eg kuttar og kuttar, sier Asplund.

OM FORFATTEREN

Mathias Nyhagen Asplund

Navn og alder: Mathias Nyhagen Asplund, f. 1988
Jobber med/opptar meg ved siden av skrivingen: Ikkje mykje; har nettopp fått ein son.
Hvor og når skriver jeg: Morgon og kveld og litt innimellom.
Leser nå: James Carlos Blakes In The Rouge Blood, og mange ulike diktsamlingar som ligg opne kring i huset.
Hører på: Podcast
Største inspirasjonskilde: Vanskeleg å seie. Eg las mykje dramatikk da eg byrja å skive. Britisk «in your face theatre» omsett til nynorsk har nok fått meg til å tenkje mykje i dialog.
Én bok som har betydd mye for meg: Crave av Sarah Kane ( på norsk).
Tre ting jeg hver morgen sjekker på mobilen: At mobilen framleis lever og at den har tatt til seg strøm i løpet av natta. Skrur av vekkarklokka.

Elementer i verden og menneskene

Elementene har en slags hovedrolle i diktsamlinga. Luft, ild, vatn og jord er noe han hele tida kommer tilbake til. Noe som forbinder mennesket med verden. Som når pusten går ut og inn og ut mellom mennesket og naturomgivelsene.

– Det er jo spennande å jobbe med den samanhengen. Å sjå på kva han er for noko. Er det nokon samanheng, både i våre myter og kva me trur om verda, og i kva vitskapen og dei «fakta» me har funne ut om verda seier?, spør Asplund.

Mennesket i dyreøyet

Noe annet som går igjen, er jakt. Kan du fortelle litt om det?

– Jakt er viktig for menneska. Samtidig trur eg kjenslene og tankane om å drepe dyr alltid har vore kompliserte i oss. Eg trur ikkje det var lettare å sjå eit dyr døy for første gong for ein person i ein jaktkultur for fleire tusen år sidan, enn det er i dag. Eg trur det å sjå eit dyr døy alltid har gjort noko med oss. Eg trur også ein respekt for ville dyr ligg djupt i oss alle. Opp igjennom tida har jo menneska feira dyr både daude og levande på mange rare måtar. Det synest eg er interessant, og kanskje seier det noko om vår urtid, kor me trødde over ein terskel frå det eine til det andre.

Jakter du selv?

– Eg jaktar no, men desse dikta vart skrivne før eg byrja med det.

– Ser jakta annerledes ut nå når det er noe du har erfaring med, enn det gjorde da du skrev disse diktene?

– Ja. Kanskje enno meir intens og interessant. Å møte og å sjå dyr og natur så nært er eg veldig glad for å få gjere.

Hva er det i jakta som får mennesker til å vise seg som mennesker og dyr til å vise seg som dyr, tenker du?

– Det er jo ein likskap i jobben med å flykte og å følgje etter. Den «jobben» er intens og krev ikkje språk, men krev syn og hørsel og lukt og noko anna. Det er så intenst, det møtet mellom dyra og oss, og ein kan lese så mykje inn i augo på dyra når dei stoppar opp og ser oss.